Utfordringane ligg ikkje i at nokre kvinner vel å vere tradisjonelle, den ligg at nokre menn følar seg som mindre menn di dei ynskje å vere utradisjonelle.
For nokre dagar sia spurde systera mi om eg tykte det var anti-feministisk å bake cupcakes. Då eg undra kvifor, fann ho fram eit essay skreve av Marta Breen som hevda at me stend ovafor ein ny husmorbølgje. Kvinner har bytta ut drøymen om Ally McBeal til Betty Draper frå MadMen, utan ironisk distanse. Det er legetimt å vere heime og drive med kvinnelege syslar, om det no innebere strikking eller baking. Og media føljer etter, dameblader handlar ikkje om svoltkatastrofen på Afrikas Horn, men om lette tema; trening, interiør og ikkje minst, baking. Midt i det heile stend den vakre cupcaken, krona i rosa glasur, gull og perler. Så, er cupcaken eit symbol på at kvinnesaka er daude?
Dei som likar å bake skal få lov til det. Men her kjem Breen med eit veldig godt poeng, at i desse trendane er det innbaka ein bodskap om at husarbeid og matlaging ligg kvinner til. Sjølv om me er einige om at dette er verdiar som ideelt burde vere nøytrale, representerer Breen her jamvel ein haldning som gjeng att i mykje kvinnesak. Det eine er at tradisjonelle mannlege gjeremål vert sedd på som eit ideal kvinner burde etterfølje. Det andre er at ho peiker fingeren mot kvinner.
Feminismen som tradisjonelt har vorte fronta av arbeiderørsla i politisk samanheng- av SV og AP - har lagt vekt på jamstilling. Jam – stilling, smak på ordet. Ordet sjølv legg vekt på fyrste morfem. Opp til at kjønna skal vere lik kvarandre. Og i søke etter jamskap, vel man det som har vore mannsdominerte arenaer som idealet. Fokuset på jamskap har gjømt verdiar som mangfald og eigenart. Bodskapen er at kvinner må endre seg. Bodskapen mitt handlar om jam – verd. Ein feminisme som fregar: kvifor er det ikkje fleire menn som bakar cupcakes?
I januar publiserte forskning.no ein rapport som tek for seg deling av arbeid mellom kjønna. Denne rapporten skil seg frå tidlegare rapportar ved at den ser arbeidet ute og heime i samanheng. To ting slo meg: idealet verker å vere at mor og far arbeider fulltid og deler heimearbeid og borneomsorg jamt; det er sjeldan at far er heime sjølv om mor arbeider mykje. Denne modellen gjer mindre tid heime ved at man nyttar seg av ein statleg institusjonalisering av borneoppdraginga. Ein stat som er så tilstadeverande i kvardagen at foreldre kan bruke mesteparten av tida si på å tene pengar. Eit samfunn kor nærleik til kvarande svinn i møte med økonomi, O Brave New World!
Nei, eg seier ikkje at me skal fare tilbake til 50-talet kor kvinnene hadde lange skjørt og venta med whiskyglaset. Eg ynskje eit samfunn kor menn fær lov å vere heime utan å verte sedd på som mjuke menn. Eg ynskje eit samfunn kor småbornforeldre jobbar deltid så dei kan nytte meir tid med ungane. Ein feminisme kor staten tilrettelegg for at begge kjønn ynskje å vere meir heime. Utfordringane ligg ikkje i at nokre kvinner vel å vere tradisjonelle, den ligg at nokre menn følar seg som mindre menn di dei ynskje å vere utradisjonelle.
Eg ville starta med å tilby småbornsforeldre redusert arbeidstid med full lønskompensasjon framfor auka løn ved lønsforhandlingar. Me sparar miljøet; med mindre pengar forbrukar me mindre, man avlastar det offentlege ved at man nyttar seg mindre av f.eks bornehagar. Og ikkje minst, du fær meir fritid.
Redusert arbeidstid er ikkje heile løysninga på jamverd, men med eit nyansert syn på kjønn nærmar me oss ei verd kor individets interesser kan samenfalle med samfunnets. Er me heldige vert det status å jobbe mindre. Kanskje me er så heldige at Jens Stoltenberg framfor å poste bileta av seg sjølv spinnande med Evald Boasson Hagen på facebook, publiserar bileta av cupcakes.
Publisert i Dagsavisen 23. April